Åsta som er ein av grunnleggjarane til Hardanger Akvasenter er og ein meister på kjøkkenet. Ho har m.a. sørgt for kvalitetsstempelet, «smak av kysten» på smaksopplevingane som vert tilbydd grupper på omvising.

Frå mars 2020 starta me eit nytt og spanande samarbeid med Hardangerfjord Hotel i Øystese. Dei skal halde fram å laga nydelege rettar for oss, i same ånd, og fortsatt basert på lokal laks fra Lingalaks AS. Nokon av lakserettane lagar me og sjølve, basert på oppskrifter utvikla gjennom mange år.

Laksebuffet

Nyt fleiere ulike typar lakserettar ute i det flytande huset vårt. På visningsanlegget har me serveringslokale for møter og selskap. Ta kontakt for førespurnad.

Smaksprøvar

Smaksprøvene kan de bestilla til grupper over 12 personar. Smaksprøvane kan serveres både på matfiskanlegget og i lokaler nær visningssenteret i Øystese.

Oppskriftene til smaksprøvane er over tid utarbeida av Åsta Haugarvoll i samarbeid med Smak av kysten.

Leige av lokaler

Lokala på anlegget kan elles leigast for møter, kurs og konferanser. Sjølvsagt då med servering etter avtale.

Ta kontakt for bestilling.