Hardanger Akvasenter - eit visningssenter for havbruk.

Ta kontakt på telefon/e-post, eller bestill online (sesong).

Les meir og bestill her:

Partnere

Visningssenter for havbruk

Visningssenteret er lokalisert i Øystese i Hardanger. 

Ynskjer du ei spanande og lærerik oppleving i Hardanger er dette rette staden å stoppe. 

Utstillinga “Det er her me bur” er gratis å besøkje og har ope kvar dag.

Du kan og bestilla omvising med guide både i utstillinga og ute på matfiskanlegget. Ein spanande aktivitet for både store og små. 

Vil ha omvising med guide?

Då kan du velje mellom to alternativ:

Besøk visningssenteret i Øystese: Omvising med guide i visningssenteret.

Besøk oppdrettsanlegg med RIB-båt. Etter omvising i visningssenteret i Øystese går turen vidare ut på fjorden i RIB-båt til Hardanger Akvasenter sitt visningsanlegg. Her får du sjå korleis oppdrett av laks går føre seg i praksis i ein av verdas vakraste fjordar.  

Sjå sjølv, då vel!

For at folk skal få betre kunnskap om havbruksnæringa oppretta Fiskeridirektoratet ein eigen visningskonsesjon (løyve) for dei som legg til rette for besøk på merdkanten. Kvart visningssenter i Noreg er knytta til eit slikt løyve. Denne eiges av eit firma som driv med matfiskproduksjon. Det er strenge krav...

Les mer
  • Veit du kvifor laksen hoppar?
    Den treng bla. luft i symjeblæra. Det gjer at den held seg flytande og kan regula seg opp og ned i vatnet. Men den hoppar og for å reingjera seg, for å nå maten og sikkert for mange andre grunnar og!
  • Noregs fyrste opne visningssenter for havbruk
    Visste du at Hardanger Akvasenter faktisk var Noregs fyrste visningssenter for havbruk som opna? Me opna dørene i 2009.