Visningssenter for havbruksnæringa
Lingalaks Akvasenter AS driv to visningssentre for Lingalaks i høvesvis Hardanger og Nordhordland. På visningssentrene kan ein lære meir om korleis den norske havbruksnæringa har gått frå å vere ein attåtnæring for bønder til å bli Noregs nest viktigaste eksportnæring. Lingalaks Akvasenter er heleigd av Lingalaks. Sjå www.lingalaks.no for meir informasjon om korleis Lingalaks jobbar med berekraftig lakseproduksjon!