Laurdag 12.september lagar me pop up restaurant og får besøk av Jon Aga frå Ålvik.

Då kan du meska deg i fantastik mat, god drikke og historiar som sikkert er både bra sanne, nesten sanne og ikkje sann i det heile tatt!

Sett av datoen og berre begynn å gle deg, nett som me gjere!
Arrangementet vil ta stad på vår flytande restaurant Rossholmen! Adresse: Fyksesundvegen 683.

Prisen er 1.800 kr for 5 rettar med vinpakke og gode historiar!