Dagleg leiar

Me søkjer etter ny dagleg leiar.

Les meir om stillinga her.

Sommartilsette

Me søkjer nye sesongmedarbeidarar i perioden juni, juli og august.

Kan du arbeide  heile eller delar av denne i perioden, så ta kontakt. Me priorterer dei som ynskjer å arbeide ein del i denne perioden.  

Hardanger Akvasenter er eit visningssenter for Havbruk. Senteret har utstilling i Øystese (same bygg som Hardangerbadet), og eit visningsanlegg/matfiskanlegg i Fyksesund.

I sesongen består den daglige drifta av visningsturar med gjester til anelgget i Fyksesund, og/eller i utstillinga i Øystese. Arbeidet då består i all hovudsak av guiding på norsk eller engelsk, ut frå ein visningsmanual og opplæring du har fått i forkant.

Du må evne å tileigne deg mykje informasjon om akvakulturnæringa på kort tid og formidle dette videre på ein entusisastisk måte.

Transportetappen mellom visningssenteret vårt i Øystese og visningsanlegget i Fyksesund  brukar me båt eller bil.Dette betyr at det er ein fordel at du har erfaring med båtliv. Me har eigne båtførarar, men om du og har D5L båtsertifikat, så er det tipp topp.

På matfiskanlegget serverer me smaksprøvar og nokre lunsjar til gjester som har bestilt dette på førehand.

  • Du må ha kl. B bilsertifikat og kunne disponere eigen bil. (utgifter vert dekka gjennom kjørerekning)
  • Stillingane vil krevje ein del helgearbeid. Det er mellom 6 – 8 timar arbeidsdag, der arbeidstid blir lagt mellom 09.00 – 19.00. Me set opp vaktplan i god tid på førehand.

Me ser etter deg som

  • Er engasjert, lærevillig, blid, effektiv og serviceinnstilt.
  • Gjerne med erfaring frå reiseliv og/ eller havbruk.
  • Snakkar flytande norsk og engelsk, men gjerne fleire språk
  • Viser fleksibilitet i forhold til arbeidsoppgåver og arbeidstid
  • Kan jobba sjølvstendig over tid, men også samarbeide godt med andre
  • Bidra til god orden og hygiene, og overhalde interne reinhaldsrutinar
  • Ta imot grupper, sørge for sikkerhet og informasjon er ivaretatt
  • Guide/ vise rundt både individuelle gjester og større grupper.
  • Fortelje engasjerande og fritt frå manus
  • Ta i mot booking og handtering/registrering av desse (via digital platform, tlf og e-post)
  • Betaling og registrering.
  • Hjelpeperson ved båttransport av gjester.

Kjøken og servering:

  • Noko kjøkkenarbeid og servering må påreknast
  • hygiene og matlaging
  • Følge IK-mat rutinar 

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver på ein spanande arbeidsstad.
  • Mykje frisk luft og raskt fagleg påfyll!

Kvalifikasjonskrav:

  • Minimum 18 år
  • Serviceinnstilt, kvalitetsbevisst og detaljorientert
  • Snakkar flytande norsk og engelsk
  • Kunne meistre dei fleste arbeidsoppgåvene som er oppsatt.
  • Ynskjeleg med båtførarbevis eller erfaring frå båtliv.

Søknadsfrist: så snart som mogeleg, eller seinast 10.03.2024

Send enkel CV og kort søknad på e-post: post@akvasenter.no

Tlf. ved spørsmål: 970 17 537