Historikk
Hardanger Akvasenter er eit visningssenter for havbruk og matfiskproduksjon. Bakgrunnen for oppstarten var, som det og er i dag, eit sterkt ønskje om å formidla kunnskap om havbruksnæringa. Næringa som har utvikla seg til å bli ein av verdas mest bærekraftige storskala matproduksjonar.
Me tilbyr lærerike opplevingar og spanande aktivitetar for heile familien.
I visningssenteret ønskjer me å visa korleis produksjon av laks går føre seg i praksis, i ein av verdas vakreste fjordar – Hardangerfjorden.
Hardanger Akvasenter AS er eigd av Lingalaks AS , som står for matfiskproduksjonen på anlegget.
Ta turen innom oss du og!
I dag driftar me og Skjærgårdsfisk visningssenter på Marøy i Nordhordland. Les meir om dette vsiningssenteret her.
Korleis starta det?
Familiebedrifta Lingalaks AS hadde opphaveleg base på Linga i Strandebarm. I dag ligg hovudkontoret til Lingalaks i Norheimsund, midt i Kvam Herad.
Dei fleste lokalitetane våre ligg i Kvam, men Lingalaks har og etter kvart drift i fleire andre kommunar, frå Karmøy i sør til Alver i Nordhordland.
Det var Rolv og Åsta Haugarvoll som starta Lingalakseventyret i 1978 ved å setta ut 5 000 smolt i sjøen på Linga. Lingalaks set i dag ut ca. 2,5 millionar fisk i sjøen kvart år, og er arbeidsplass for over 45 personar. Les mer om Lingalaks AS her
Både Rolv og Åsta har bakgrunn som lærarar.
Etter mange år tett på ei næring under stor vekst og utvikling, var det naturleg for dei to gründerane å dela noko av denne kunnskapen.
Då Lingalaks fekk visningstilatelse, var me i gang.
I 2007 opna me Noregs fyrste visningssenter for Havbruk. Sidan den gong har me hatt fleire tusen besøkande fra både inn- og utland kvart år.
Følg oss på Instagram
Frå oppstarten til no.
Frå 2007 – 2019 har antal besøkande på visningssenteret auka gradvis. Gjester fra mange ulike land får gleda av å sjå fisken ute på anlegget samstundes som dei får ei grundig innføring i korleis matfiskproduksjon går føre seg i praksis. Individuelle reisande har i tillegg til besøk på anlegget også besøkt utstillinga som tidlegare låg på kaien i Steinstø.
Etter kvart som det vart behov for oppgraderingar og kundegrunnlaget endra seg, tok me steget med å flytta utstillinga vår til Øystese.
Her var det nye, flotte lokaler med betre infrastruktur og meir sentral plassering for både reisande og lokale besøkande.
I mai 2020 opna me det moderne visningssenteret i Øystese, med utstillinga «Det er her me bur».
Utstillinga viser kor viktig Hardangerfjorden historisk har vore for livsgrunnlaget i regionen. Her i Hardanger har me lang tradisjon for matproduksjon og matkultur.
Kva naturgitte forhold som gjer det gunstig å produsera matfisk nettopp her i Hardanger, får ein og svar på i visningssenteret.
Her kan du velja mellom å besøkja visningssenteret eller oppleva begge delar, som også inkluderar Rib-transport ut til anlegget.
Hardanger Akvasenter vert drifta saman med Skjærgårdsfisk Visningssenteret på Radøy som også er eigd av Lingalaks AS.
Samlokalisert med Hardangerbadet, Helse i Hardanger, Hardangerfjord Hotel og Hardangerfjord Adventure er me godt rusta for å tilby både lokale og tilreisande spanande aktivitetar og flotte opplevingar.