Sjå sjølv, då vel!
For at folk skal få betre kunnskap om havbruksnæringa oppretta Fiskeridirektoratet ein eigen visningskonsesjon (løyve) for dei som legg til rette for besøk på merdkanten.
Kvart visningssenter i Noreg er knytta til eit slikt løyve. Denne eiges av eit firma som driv med matfiskproduksjon. Det er strenge krav til drifta av eit visningssenter og dette vert kontrollert av fiskeridirektoratet.
Hardanger Akvasenter var faktisk Noregs fyrste visningssenter for havbruk, som opna i 2007.
Les meir om dei ulike visningssentra i Noreg her.