• Visningssenter for havbruk

Skjærgårdsfisk Visningssenter er eitt av to visningssenter i Lingalaks AS. Senteret er lokalisert på Marøy i Nordhordland og vert drifta av Hardanger Akvasenter AS.

Adresse: Marøyvegen, 5937 Bøvågen.

Skjærgårdsfisk Visningssenter er ope for førhandstinga visning både i visningssenteret og ute på merdkanten kor du får helsa på fisken. Turen med båt ut til anlegget tek ca.10 minutt og er ein flott båttur gjennom skjergarden fram til lokaliteten Jibbersholmane.

Parkering utanfor senter (industribygg ved kai), eller langs veg.

Bussar må ikkje køyra heilt ned til senteret pga. dårleg kapasitet på snuplass. Slepp heller av gjestene oppe i vegen (Fv565).

Bestilling eller førespurnad.

Kontakt oss på: visningssenter (@) akvasenter.no eller tlf. 970 17 537

Me set gladeleg opp ein visningstur, så ta kontakt så avtalar me ei tid.

Omvisinga passar for alle!

Ta med familien, venegjengen eller kollegaene på omvising!

  • Ein spanande og lærerik aktivitet for folk i alle aldrar.
  • Vel mellom å besøkja berre visningssenteret på land, eller kombiner med omvising i senteret og på merdkanten. Me tilpassar opplegget til di gruppe.

Skuleelevar og studentar:

  • Skular og andre utdanningsinstitusjonar er hjarteleg velkomne til oss for omvising.
  • Besøket er heilt kostnadsfritt for skuleelevar og studentar.
  • For ungdomskulane i nærleiken har me fast opplegg kvart år. Dette er årets høgdepunkt!

Bedrifter:

  • Me har møtelokale og matservering på forespørsel. Kanskje ein Velferdstur/blåtur til merdkanten kan vere noko for di bedrift?
  • Ta kontakt og les om tilbodet for bedrifter her

Digital omvisning:

I tråd med utviklinga kan me og tilby digital visning, der me legg til rette for å visa både ei utstilling og eit matfiskanlegg. Vidare forklarar me det viktigaste rundt produksjon av matfisk. Me legg og til rette for å svara på dei spørsmåla som kjem opp. Me kan og arrangere quiz og/eller andre foredrag gjennom ei digital plattform.

Historikk

Skjærgårdsfisk Visningssenter er tilknytt matfiskanlegget Jibbersholmane. Frå me fekk visningskonsesjon i 2008 har me teke i mot gjester både i senteret på Marøy og ute på matfiskanlegget.

I visningssenteret får du ei unik innføring i historia til ein av dei fyrste oppdrettarane i Noreg, Arthur Marøy. Han og faren starta med oppdrett av aure alt på 60-talet og var pionerar for bransjen slik den er i dag.

Les meir om Hardanger Akvasenter AS og Lingalaks AS

Kontakt:

Adresse Visningssenter: Marøyvegen, 5937 Bøvågen.

Vegforklaring: Skjærgårdsfisk Visningssenter ligg ca. 40 min fra Knarvik sentrum. Frå Knarvik: følg Fv. 565 til Marøyvegen.

Telefon: (+47) 970 17 537

E-post: visningssenter (@) akvasenter.no

Nokre av dei tilsette.

Dagleg leiar, Solveig K. Botnen, tlf. +47 97199627

Visningsvert og pioner, Arthur Marøy, tlf. +47 911 03 155

E-post: visningssenter (@) akvasenter.no, Telefon: (+47) 970 17 537