Besøk matfiskanlegg og utstillingar
Hos oss kan du bli kjent med havbrukslivet både i teori og praksis. Dette kan me tilby av opplevelsar og aktivitetar i Hardanger.
Utstillinga “Det er her me bur”
Viser kor viktig Hardangerfjorden historisk har vore for livsgrunnlaget i regionen. Her i Hardanger har me lang historie og tradisjon for matproduksjon og matkultur.
Å besøkja oss er helt gratis!
Det er gratis å besøkja utstillinga når denne er ubemanna. Aktiver sjølv audioguide med lydspor. Audioguide finn du rett innanfor døra.
Bestiller du omvising med guide, får du ei grundig innføring i dei ulike stasjonane, i tillegg får du forklart kva arbeid som vert utført ute på eit matfiskanlegg.
Korleis me skal sørgja for ein bærekraftig produksjon, slik at fjorden også kan væra ein resurs i framtida, det får du og svar på under omvisinga.
Ønskjer du å besøkja eit anlegg?
Då anbefalar me ein RIB-tur ut til eit matfiskanlegg i Hardangerfjorden.
Du får sjå korleis produksjon av laks føregår i praksis her i Hardanger. Med kamera under vatn, får du som gjest eit godt inntrykk av livet nede i merda, og du kan sjølv spasere rundt på anlegget og sjå på fisken.